Kuzhperikyrkja
Kuzhperikyrkja er ein religiøs organisasjon dedikert til Bahamut. Den er leia av kuzhperien, som er sett på som utvald av Bahamut til å fremme viljen hans i verda. Den er styrt frå byen Stakhrokenzi, der kuzhperien bur.
Kyrkja er delt i tre greiner: tempelverksemda, som tek seg av dei rituelle og sosiale pliktene til kyrkja; inkvisisjonen, som fungerer som internt politi for kyrkja, og som har ansvaret for å rydje ut Tiamat-tilbeding; og ordenssystemet, som er oppbygd av riddar- og munkeordenar.
