Myklafar
Myklafar var eit stort og mektig imperium styrt av djevlingar. Det var det einaste riket som kunne måle seg med det gamle Arkhosia i storleik og makt. Dei to rika gjekk til krig mot kvarandre i 338 F.O.
Krigen varte i 133 år, der ingen av dei to stridane klarte få overtaket. Heilt på slutten hadde djevlingane ved list og svik klart å drepe leiarane i Arkhosia, men før dei kunne skaffe seg siger frå dette knepet kom det veldige jordskjelvet, og størsteparten av landmassa til Myklafar fall i havet. Etter dette var riket fullstendig øydelagt og ikkje lenger nokon trussel.
